RØRSLA FOR FRIVILLIG UTRYDJING AV MENNESKEARTA

–Måtte vi leve lenge og døy ut


Ei utfasing av menneskerasen ved å slutte å formeire oss, frivillig, vil gjere det mogleg for Jordas biosfære å bli frisk att. Sardin-i-tønne-forhold og manglar på ressursar kjem til å betre seg medan vi blir færre.


KatalanskTyskEngelskSpanskFranskHebrewItalianoNederlandsk – Norsk – PolskiPortugisiskRussiskSlovenskFinskSvensk
Vi tek gjerne imot omsetjingar til ditt språk

OM RØRSLA

Kva er Rørsla for frivillig utrydjing av menneskearta?

VHEMT (uttala vihiment, engelsk for ’heftig, valdsam’) er ei rørsle, og ikkje ein organisasjon. Det er ei rørsle av menneske som bryr seg om livet på Jorda. Vi er ikkje ei gruppe av misantropiske, antisosiale individ som frydar seg når menneske blir skada. Det er om lag så langt unna sanninga du kan kome. Frivillig utrydjing av menneska er det humanitære alternativet til menneskelege katastrofar.

Vi masar ikkje om korleis menneskerasen har vist seg å bli ein grådig, umoralsk parasitt på ei jordoverflate som ein gong var sunn. Den typen negativitet fører ikkje til noka løysing på problemet.

Rørsla vår tilbyr i staden for eit oppmuntrande alternativ til kjenslelause og totale øydelegginga av liv på Jorda.

Som VHEMT-frivillige veit, er det optimistiske alternativet til utdøyinga av millionvis av artar, utdøyinga av éi art: homo sapiens – oss.

Kvar gong ein av oss vel å ikkje leggje til endå fleire av oss til dei stimande milliardane som allereie herjar denne utslitne planeten, skin ei stråle av håp gjennom mørkret.

Når alle menneske vel å slutte å formeire seg, vil økosystema på Jorda få ein sjanse til å returnere til tidlegare tider, og alle gjenlevande skapningar kjem til å kunne leve, døy, utvikle seg (dersom dei trur på utviklingslæra), og vil kanskje døy ut, slik så mange av naturens ”eksperiment” har gjort før i historia åt planeten. Liv på Jorda vil på nytt oppleve gode forhold.

Det kjem til å krevje innsats frå alle oss.


Meiner de verkeleg alvor?

Ja.

Mange ser humoren i Rørsla og trur at vi ikkje kan meine alt dette på alvor, men til trass for alvoret i både situasjonen og rørsla, finst det rom for humor. Utan humor hadde faktisk Jordas noverande forhold blitt utoleleg deprimerande – litt humor legg ein dempar på alvoret.

Det er sant at dyre- og planteliv som døyr ut medan vi snakkar og 40.000 barnedødsfall kvar dag ikkje er noko å le av, men korkje latter eller sorg vil endre det som skjer. Vi kan like så godt ha det litt moro medan vi arbeider mot ei betre verd.

Dessutan er det å føre Jorda attende til utgangspunktet og gjere ein slutt på unødvendig liding glade tankar – det gjev inga meining å kaste bort tid med å klage og sørgje.


Ventar de å lukkast?

VHEMT-frivillige er realistiske. Vi veit at vi aldri kjem til å oppleve den dagen det ikkje finst menneske på denne planeten. Vi har eit langsiktig mål.

Det har blitt føreslege at det berre finst to sjansar for at alle skal slutte å formeire seg: liten og ingen. Oddsa er kanskje imot å preservere livet på Jorda, men valet å slutte å formeire seg er likevel det einaste etisk rette. Sannsynet for at vi ikkje kjem til å kunne hindre den massive utdøyinga menneskeætta steller i stand, er ein av mange gode grunnar til å ikkje døme ein til av oss til livet. Framtida er ikkje det ho ein gong var.

Sjølv om sjansane for at vi lukkast berre var ein av hundre, må vi likevel prøve. Det å gje opp og tillate menneskeætta å gjere som ho vil, er samvitslaust. Altfor mykje står på spel.

Rørsla lukkast kvar gong eit nytt individ finn ut at han eller ho ikkje vil formeire seg (meir).


Animasjonar av Nina Paley
Det kan ta ei tid å laste desse, men det er vel verdt tida.

Stork
”Storken” – tre minutt
Små lukkepakkar leverte av den mytiske storken, med naturlege konsekvensar.

cancer
”Visdomen åt kreftceller” – fire og eit halvt minutt
Kva ville kreftceller sagt dersom dei hadde menneskelege uttrykksmåtar?

Fertco
”Fertil A/S”
Hjelp for dei lite fruktbare med storøkonomien i ryggen.


Reaksjonar på VHEMT frå vitjarar, med svar frå Les (Engelsk):
Samde, usamde, misforståingar I, misforståingar II
Tilfeldige spørsmål og svar

Relaterte lenkjer

Lenkjer om VHEMT


Creative Commons License
Les U. Knight

Except where noted, works on this site are licensed under a
Creative Commons Attribution 3.0 United States License.
Please attribute to vhemt.org